Polyhalitt er eit mineral som finst i saltleier (mellom anna i New Mexico, Texas og Tyskland). Det er vanlegvis lyseraudt, men kan òg vere fargelaust eller kvitt. Mineralet er eit vasshaldig sulfat av kalium, kalsium og magnesium, K2Ca2Mg(SO4)4·2H2O.
Polyhalitt vart først skildra i 1818 etter prøvar frå typelokaliteten i Salzberg i Austerrike. Namnet kjem frå det greske polys hals for 'mange salt'.
Kjelder Polyhalitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/polyhalitt.
kategori:Magnesiummineral kategori:Kalsiummineral kategori:Kaliummineral kategori:Sulfatmineral kategori:Triklinske mineral