Rozenitt er eit mineral, eit jernsulfat, FeSO4· 4H2O. Det vert danna sekundært ved forvitring av pyritt og pyrrhotitt. Det er påvist i små mengder frå fleire norske førekomstar.

Det vart først skildra i 1960 etter ein førekomst på fjellet Ornak vest i Tatrafjella i Małopolskie i Polen. Det vart kalla opp etter den polske mineralogen Zygmunt Rozen (1874–1936).

Kjelder Rozenitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/rozenitt.

kategori:Sulfatmineral kategori:Jernmineral kategori:Monokline mineral