Scheelitt er eit oftast grått, gulkvitt eller brunt mineral og ein viktig wolfram-malm. Kjemisk sett er det eit kalsiumwolframat, CaWO4 som krystalliserer tetragonalt. Det er særs tungt og tettleiken er kring 6 g/cm3. Det fluorescerer kraftig i ultrafiolett ljos, frå blåkvitt for rein scheelitt til sterkt gult med aukande molybdeninnhald (isomorf blandbarheit med powellitt, CaMoO4).

Scheelitt vart først skildra i 1781 etter ein førekomst i Bispbergs klack i Säter i Dalarna i Sverige, og kalla opp etter Carl Wilhelm Scheele (1742–1786).

I Noreg er det kjent frå mellom anna Ørsdalen i Bjerkreim (saman med wolframitt) der det tidlegare var gruvedrift og frå einskilde molybdenittførekomstar. Mineralet er dessutan ganske utbreidd i kontaktsonene til Oslofeltet (Skreia, Grua, Eikeren). Spesielt store krystall er kjent frå Korea og Kina.

Kjelder Scheelitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/scheelitt.

kategori:Kalsiummineral kategori:Wolframmineral kategori:Edelsteinar kategori:Tetragonale mineral