Spodumen er eit mineral i pyroksengruppa, eit litiumaluminium-silikat, LiAlSi2O6. Det finst på granittpegmatittar og er eit viktig råstoff for framstilling av litiumsambindingar, særleg i USA. Klåre typar blir brukt som edelsteinar: kunzitt (ljos fiolett) og hidenitt (grøn).

Spodumen vart først skildra i 1800 etter ein førekomst ved typelokaliteten på Utö i Södermanland i Sverige.

Spodumen er i Noreg kjent som eit sjeldan mineral frå ein granittpegmatitt ved Ågskaret i Meløy kommune i Nordland.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Aluminiummineral kategori:Edelsteinar kategori:Inosilikat kategori:Litiummineral kategori:Monokline mineral kategori:Pyroksengruppa