Stolzitt er eit relativt sjeldan sekundærmineral som består av blywolframat, PbWO4. Det krystalliserer tetragonalt og er isotypt med scheelitt, powellitt og wulfenitt.

Det vart først skildra i 1845 etter ein førekomst i Krusne Hory (Erzgebirge) i Tsjekkia og kalla opp etter Joseph Alexi Stolz frå Teplice i Böhmen.

Kjelder Stolzitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

kategori:Blymineral kategori:Wolframmineral kategori:Tetragonale mineral