Thortveititt er eit særs sjeldan mineral, først skildra frå ein granittpegmatitt i Iveland av J. Schetelig i 1911. Det er seinare òg funne på Madagaskar og i fleire andre land. Det er eit scandiumsilikat, Sc2Si2O7, krystalliserer monoklint og er gråleg eller grønleg. Det finst ytst få andre naturlege scandiumsambindingar. Thortveititt var ei tid det dyraste mineralet i verda, og det vart levert ein del frå Iveland, mellom anna til framstilling av radioaktive kalsium-isotopar . Mineralet fekk fornya aktualitet i 1980-åra på grunn av bruken av scandium i laserar.

Det er kalla opp etter Olaus Thortveit (1872–1917), ein feltspateksportør i Iveland.

Kjelder Thortveititt. (2012, 6. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/thortveititt.

kategori:Scandiummineral kategori:Yttriummineral kategori:Sorosilikat kategori:Monokline mineral