Vladimir Kisjkun () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar som deltok for Sovjetunionen. Han vart europameister i stavhopping i 1974.
Aktiv Etter å ha sett personleg rekord med 5,20 meter i 1972 hadde Kisjkun ytterlegare framgang dei neste åra. I 1974 gjekk han for fyrste gong over 5,40 meter. Likevel var han ikkje mellom dei største favorittane under europameisterskapen i Roma hausten 1974. Men der sigra han med eit hopp på 5,35 meter, same resultatet nådde sølvmannen Władysław Kozakiewicz frå Polen.
Kijskun vart sovjet-meister i stavhopp i 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal i 1976 kom han på 13.-plassen. Hans personlege rekord på 5,55 meter er frå 1977-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 5,35 m, framom Wladyslaw Kozakiewicz (5,35 m) OL 1976 i Montreal: Nr 13 – 5,20 m
Kjelder Friidrott-73. Friidrott-75. World Athletics
Kategori:Sovjetiske stavhopparar Kategori:Russiske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976