Tomasjord er ein bydel i Tromsø, og ligg på austsida av Tromsøysundet, like nord for Tromsdalen. Postadresse er 9024 Tomasjord. Ved stortingsvalet i 2013 omfatta valkrinsen Tomasjord 4004 stemmeberettiga.Tabell: 07362: Stortingsvalg. Stemmeberettigede, etter kjønn, kommune og valgkrets (Valgkrets: 19020011 Tomasjord), Statistisk sentralbyrå Busetnaden i bydelen består for det meste av einebustadar, men dei siste åra er det bygd ca. 450 leilegheiter i blokker på Tomasjordnes.
I november 1942 oppretta det tyske sikkerheitspolitiet Sipo ein fangeleir på Krøkebærsletta. Denne avløyste fangeleiren Sydspissen, som låg heilt sør på Tromsøya. Leiren var i all hovudsak ein gjennomgangsleir for fangar frå Nord-Noreg (nord for Lofoten) som skulle til Falstad, Grini eller Tyskland. Ein går ut frå at ca. 2000 fangar passerte Krøkebærsletta.NOU 1998: 12, Alta Bataljon, 11.7.2 Fangeleirer
Tromstun ungdomsskule og Tromsdalen vidaregåande skule ligg begge på Tomasjord. Elevar på barnetrinnet går på skule anten på Tromsdalen skule eller på Lunheim skule. Den einaste større føretaket med tilhold i bydelen er Troms Kraft, som har hovudkontoret sitt her.
Kjelder
Sjå òg Bydelar i Tromsø
Kategori:Bydelar i Tromsø