Valerij Vasiljevitsj Podluzjnyj () i Donetsk var ein ukrainsk lengdehoppar som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen i EM 1974 i Roma og bronsemedaljen under OL 1980 i Moskva.
Aktiv Etter at han hadde vorte junior-europameister i tresteghopp i 1970 satsa Podluzjnyj på lengdehopp. Han nærma seg europa-eliten i lengdehopp i 1972-sesongen, då han sette personleg rekord med 7,88 m. I 1973-sesongen tok han steget opp i verdseliten og vann unversiaden med eit hopp på 8,15 m. Året etter vann han lengdetevlinga i både i landskampen Sovjetunionen-USA og i landskampen Sovjet-Vesttyskland-Frankrike. Under europameisterskapen 1974 i Roma sigra han med 8,12 meter, før han seinare i sesongen flytta den personlege rekorden til 8,17 meter.
I 1979 vann Podluzjnyj lengdehopp i unversiaden for andre gong, med sterke 8,16 meter. Året etter, i finalen under sommarleikane i Moskva, gjorde han sitt livs lengste hopp med 8,18 meter, noko som heldt til bronsemedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1971 i Helsingfors: Nr 10 – 7,68 m OL 1972 i München: Nr 9 – 7,72 m EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 8,12 m, framom Nenad Stekić (8,05 m) OL 1976 i Montreal: Nr 7 – 7,88 m EM 1978 i Praha: Nr 6 – 7,89 m OL 1980 i Moskva: Bronsemedalje – 8,18 m, bakom Frank Paschek (8,21 m)
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Waleri Podluschni» frå , den 17. august 2014.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske lengdehopparar Kategori:Ukrainske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980