Kristian Mandrup Elster (), var ein norsk forfattar og forstmann.

Elster vaks først opp i Overhalla, men i 1853 flytta familien til Førde i Sunnfjord, der far hans var sorenskrivar. 15 år gammal vart han send til Christiania for å gå på skule der. Det var meninga at han skulle bli offiser, men det gjekk ikkje – han var for nærsynt. I 1867 reiste han til Giessen i Tyskland og utdanna seg til forstmann. Frå 1869 budde han i Kristiania og skapte seg eit namn som litteratur- og teaterkritikar i Aftenbladet og Norsk Folkeblad. I 1873 var han nokre månader konstituert forstmann i Valdres og vart så tilsett som forstassistent i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Der budde han til han døydde av lungebetennelse 1881 og er begravet i Førde.

Han var son til sorenskrivar Christen Christensen Elster og far til Kristian Elster d.y. Elsters gate i Oslo er oppkalla etter han.

Bibliografi

Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

Bakgrunnsstoff

Gravminner i Norge Om Kristian Elster d.e. i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske forstfolk Kategori:Folk frå Overhalla Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Norske sakprosaforfattarar