Baabda distrikt (arabisk قضاء بعبدا, Qada' Baabda), stundom skrive B'abda, er eit distrikt (qadaa) i Libanonfjella i Libanon, sør og aust for hovudstaden i Libanon, Beirut. Det administrative senteret er Baabda.

Regionen er òg populært kalla Sør-Matn (arabisk المتن الجنوبي, ِ Al Matn al Janoubi), for å skilje det frå Matn distrikt (arabisk قضاء المتن الشمالي, Qada' Al Matn ash Shimali),

Demografi Innbyggjarane i Baabda distrikt er hovudsakleg maronittiske katolikkar, sjiamuslimar og drusarar. Maronittane er den største gruppa, etterfølgd av sjiamuslimae og drusarane. Sunnimuslimar, greske katolikkar og ortodokse kristne bur òg i området.

Sjiamuslimane i Baabda distrikt bur hovudsakleg på kysten, like sør for Beirut. Dette området vert òg kalla «Dahye» eller dei sørlege forstadane til Beirut. Drusarane lever i fjellområda lenger inn i landet.

Historie I Baabda ligg fleire rav-stader som er 120 millionar år gamle, der ein har avdekt nokre av dei eldste øglene, mellom anna baabdasaurus, og mange insekt.

Byar Baabda Chiyah Hadath Haret Hreik Ghobeiry Kfarshima Hammana Ras el Matn Qarnayel Araya Qalaa Btekhneih Arbiniyeh Knaisseh Ksaibe

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baabda District» frå , den 20. august 2014. oppgav desse kjeldene: Mapquest Lizard in Amber Insects in Amber

Kategori:Distrikt i Libanon