Bmahray (òg kalla Bmohray) er ein landsby i Aley distrikt i Libanon. Han ligg 41 km søraust for Beirut i ei høgd på 1215 meter over havet.
Demografi Innbyggjarane i Bmahray er hovudsakleg maronittisk med grupper av drusarar og gresk-katolikkar. I kommunevalet i 2010 var det registrert 1018 veljarar., I landsbyen står St. Georg maronittiske kyrkje og ein drusisk khalwa.
Geografi Bmahray ligg på vestsida av Libanonfjella. I følgje det nasjonale utviklingssenteret (Localiban) hadde landsby eit totalt kommuneareal på 23,6 kvadratkilometer.
Arkeologi
Bmahray har ruinar av romerske monument og ein steinsarkofag.
Økonomi
Før den libanesiske borgarkrigen var hovudnæringsvegen til landsbyen hagebruk, særleg epledyrking. Mangelen på vatn til kunstig vatning har gjort at dette ikkje har vore mogeleg å ta opp att desse næringsvegane.
Miljø Bmahray var ein av dei første landsbyane som vart ein del av Shouf seder biosfærereservat. Her finst ein million kvadratmeter med sedertre og minst tre millionar kvadratmeter med furutre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bmahray» frå , den 21. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Aley distrikt