Shut Up 'n Play Yer Guitar er eit prosjekt som består av Shut Up 'n Play Yer Guitar, Shut Up 'n Play Yer Guitar Some More og Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar, ein albumserie av Frank Zappa. Dei vart gjevne ut som separate album i mai 1981 på Barking Pumpkin Records og sidan som eit trippeltalbum i 1982.
Som tittelen indikerer består albumet utelukkande av instrumentalar og improviserte soloar, i stor grad framført på elektrisk gitar. Albumserien kom til etter at Zappa skrinla eit planlagt konsertalbum, Warts and All, og to spor meint for dette albumet finst i denne serien.
Dei individuelle Shut Up 'n Play Yer Guitar-albuma og boksen har alle fått god kritikk av kritkarane, og Zappa gav sidan ut to album til med utelukkande gitarbasert musikk: Guitar (1988) og Trance-Fusion (gjeve ut posthumt 2006).
Bakgrunn
Etter å ha gjeve ut Joe's Garage, bygde Frank Zappa eit heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen, og planla å gje ut eit trippelt konsertalbum kalla Warts and All. Då Warts and All var nesten klart, meinte Zappa det var for tungvint og langt.http://books.google.com/books?id=uAYfqgGf4yYC&pg=PA161&dq=frank+zappa+warts+and+all&hl=en&sa=X&ei=FswgT5vvLZTjsQLLqtyHCQ&ved=0CDUQ6AEwAA Zappa laga seinare Shut Up 'N Play Yer Guitar-serien, med to spor opphavleg meint for Warts and All.http://books.google.com/books?id=0lyCSdW78-sC&pg=PA287&dq=zappa+warts+all&hl=en&sa=X&ei=2MYgT_vbKa-A2QXNsvSWCQ&ved=0CE0Q6AEwAg#v=onepage&q=zappa%20warts%20all&f=false
Innhald
Albumet består utelukkande av instrumentalar og hovudsakleg gitarsoloar, som tittelen viser til. Innimellom kjem korte kommentarar mellom songane, mange som var meint for det skrinlagde albumet Läther. Kvar plate har fått tittelen etter ein variasjon av albumnamnet, og tittelsporet til kvar av desse finst på dei respektive platene.
Dei fleste av soloane på albumet er henta frå gitarsoloane på andre songar. Dei tre tittelspora kjem frå utgåver av «Inca Roads»; forskjellige andre soloar er henta frå «Conehead», «Easy Meat», «The Illinois Enema Bandit», «City of Tiny Lites», «Black Napkins», «The Torture Never Stops», «Chunga's Revenge» og «A Pound for a Brown on the Bus». «Ship Ahoy» var avslutninga frå ei utgåve av «Zoot Allures» medan den første delen finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3.
Det siste sporet, «Canard du Jour», er ein duett med Frank Zappa på elektrisk bouzouki og Jean-Luc Ponty på barytonfiolin frå eit studioopptak frå 1972.
Somme av soloane på dette albumet finst i The Frank Zappa Guitar Book.
Utgjeving og mottaking
Albumet kom ut i 1981 som tre separate album. Etter at albuma fekk suksess, valde Zappa å gje dei ut som ein boks med nytt omslag og med ny omslagstekst. Det vart gjeve ut på CD av Rykodisc i 1986 som ei dobbelplate, og igjen i 1995 som ei trippelplate.
Albumet vart godt teke i mot av kritikarane. Dobbel-CD-utgåva vart meld av Allmusic, der Sean Westergaard skreiv, «Frank Zappa [...] var ein av dei beste og mest undervurderte gitaristane. [...] Dette er eit album som alle som speler gitar burde høyre».
Suksessen til albumet gjorde at Zappa sidan gav ut to album til med gitarsoloar: Guitar, som kom ut i 1988, og Trance-Fusion, som kom ut posthumt i 2006. I tillegg finst samlealbumet The Guitar World According to Frank Zappa for magasinet Guitar World. I 1997 sette Dweezil Zappa saman eit nytt samlealbum med Zappa sine gitarbaserte songar og soloar, Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute.
Innhald
Medverkande Musikarar Frank Zappa - Sologitar, bouzouki Tommy Mars – klaverinstrument Patrick O'Hearn – Bass, dialog Denny Walley – Rytmegitar Ray White – Rytmegitar Bob Harris – klaverinstrument Peter Wolf – klaverinstrument Ed Mann – Perkusjon Ike Willis – Rytmegitar Arthur Barrow – Bass Terry Bozzio – Trommer, dialog Vinnie Colaiuta – Trommer Warren Cuccurullo – Rytmegitar, elektrisk Sitar Roy Estrada – Vokal Bob Harris – klaverinstrument Andre Lewis – klaverinstrument Eddie Jobson – klaverinstrument Steve Vai – Rytmegitar Jean-Luc Ponty – Barytonfiolin
Produksjon Frank Zappa – Arrangør, låtskrivar, dirigent produsent Kerry McNabb – Lydteknikar Steve Nye – Lydteknikar Jo Hansch – Mastering John Livzey – Fotografi John Vince – Grafisk design Bob Stone – Remiksing Joe Chiccarelli – Lydteknikar, miksing, innspeling George Douglas – Lydteknikar Tom Flye – Lydteknikar Mick Glossop – Lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shut Up 'n Play Yer Guitar» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1981 Kategori:Barking Pumpkin Records-album