Baabdat (arabisk بعبدات) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella, 22 km frå Beirut mellom 800 og 1100 meter over havet. Dei frodige furuskogane kring byen gjer han til ein populær feriestad om sommaren, særleg for folk frå Beirut. Byen ligg nær Brummana, ein av dei mest yrande feriestadane i Libanonfjella.Baabdat

Demografi

Innbyggjarane i Baabdat er anten frå Den maronittisk-katolske kyrkja eller den romersk-katolske kyrkja.

Etymologi Namnet «Baabdat» kjem frå det arameiske ordet beit abdutha, som tyder «heimstaden til beundring». Namnet syner til eit gammalt tempel bygd av fønikarane.

Historie Då Libanon var ein del av Romarriket var Baabdat eit senter for tømmerhogst som transporterte tømmer til skipsverfta i Beirut.Baabdat

Kjende folk frå Baabdat Baabdat er fødestaden til den tidlegare libanesiske presidenten Émile Lahoud, politikaren Nassib Lahoud og filmregissøren Carmenlabaki.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baabdat» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Toufic Labaki Fallingrain

Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Matn distrikt Kategori:Romerske koloniar