Reidar Strømdahl () var ein norsk byråkrat og stortingsrepresentant frå Skoger i Buskerud.
Strømdahl var son til ein snikkar. Sjølv utdanna han seg i handel og rekneskap. Frå 1936 var han tilsett i Riksrevisjonen, sidan 1959 som byråsjef. I 1968 vart han direktør ved Lier sjukehus, ei stilling han hadde til 1983.
Strømdahl var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i fem periodar frå 1950 til 1969. Dei første fire periodane var han innvald frå Vestfold, den siste perioden frå Buskerud. I alle år på Stortinget var han medlem av justiskomiteen, siste fireårsperioden som sekretær. Han var visesekretær for Stortinget frå mai 1956 til januar 1959.
Frå unge år hadde han ei rad offentlege verv, samt tillitsverv i organisasjonar og parti.
Kjelder Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1965 Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Sande i Vestfold