Lorenz Juhl Vogt () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiania. David Vogt var far hans.
Han vart student i 1844 og cand.jur. i 1849. Etter ei lang utlandsreise arbeidde han i to år på byfutkontoret hos faren i Moss. Frå 1853 var han tilsett i Finansdepartementet, fyrst som kopist, sidan 1858 som byråsjef. I 1865 vart han tollinspektør i Fredrikshald, ei stilling han hadde til 1901, kort tid før han døydde. Han tok også del i lokalpolitikken, var medlem av bystyret frå 1868 til 1884 og ordførar i åtte år.
Vogt representerte Fredrikshald på Stortinget i tida 1874-79. I begge treåsperiodane var han medlem av tollkomiteen, i den siste også av Lagtinget. Allereie i 1858 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om revisjon av tolltariffane, ni år seinare var han formann i tollovskommisjonen av 1867. Sidan var han medlem av tolltariffkommisjonen 1874 og utskipingskommisjonen 1878. I 1889 var han med i den svensk-norsk mellomrikslov-komiteen, leiar for den norske avdelinga av komiteen.
Han døydde i Sandefjord.
Kjelder
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Ordførarar i Halden Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Oslo