Tsjita (russisk Чита) er ein by i Russland, i Sibir, og hovudstad i Zabajkalskij kraj. Han har like over 330 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Tsjita renn saman med elva Ingoda.

mini|venstre|Jernbanestasjon i Tsjita i 1910. mini|venstre|Utsyn over byen.

Den transsibirske jernbanen går gjennom Tsjita. Byen er eit viktig industrisenter. Her finst eit universitet.

Historie Ein landsby vart grunnlagd her i 1653. I 1706 vart det bygd ei festning her. Etter det mislykka dekabrist-opprøret i 1825 vart mange av dekabristane sende i fangenskap hit. Tsjita fekk bystatus i 1851. Etter den russiske revolusjonen var byen i hendene på kontrarevolusjonære kvitegardistar mellom 1918 og 1920. Sovjetisk kontroll vart etablert i 1920 og Tsjita vart hovudstad for den Fjernaustlege republikken fram til 1922. Frå 1937 var Tsjita senter for Tsjita oblast, frå 2008 for Zabajkalskij kraj. Frå 1930-talet til slutten av sovjet-tida var Tsjita ein lukka by for utlendingar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1653