«Movin' Out (Anthony's Song)» er ein song skriven og framført av Billy Joel. Songen handlar om korleis Joel sterkt mislikar arbeidar- og lågare mellomklassefolk i New York som strevar med å arbeide lange dagar berre for å syne til at alle at dei har «gjort det godt». Figurane det vert sungen opp har stereotypiske, etniske namn (Anthony, Mama Leone, Sergeant O'Leary, Mr. Cacciatore) og arbeidarklassejobbar. Joel meiner det er fåfengt at dei støyter frå seg arbeidsklasserøtene sine (bytar ut ein Chevy med ein Cadillac og kjøper hus i Hackensack i New Jersey) og til slutt er prisen eit «hjarteattak» eller «ein øydelagd rygg». Bilen ein kan høyre mot slutten av songen er bassisten Doug Stegmeyer sin Corvette frå 1960.
I følgje Joel er ikkje Anthony ein verkeleg person, men heller alle «irar, polakkar og italienarar som prøver å tene til sitt daglege brød i USA».
«Movin' Out» vart opphavleg gjeven ut i 1977 på albumet The Stranger. Eit konsertopptak vart gjeven ut på 2000 Years: The Millennium Concert.
Broadway-musikalen Twyla Tharp laga ein Broadway-musikal kalla Movin' Out, som bestod av songar av Billy Joel. Premieren var ved Richard Rodgers Theatre i New York City den 24. oktober 2002, og det vart halde 1307 framsyningar før han lukka i desember 2005. Pianisten og songaren i musikalen var Michael Cavanaugh. Musikalen drog på turné i USA frå 2004 til 2007 med Darren Holden i hovudrolla. Showet vart sett opp på Apollo Victoria Theatre i West End i London den 10. april 2006. James Fox hadde då hovudrolla. Det vart lagt ned tidleg, den 22. mai, på grunn av dårleg bilettsal.
Andre versjonar Songen er framført av: The Format (live) Indiebandet The Pale Pacific Ska-bandet The Supervillains Bethany Joy Galeotti (under 'One Tree Hill Tour'). David Cook på turneen i 2011 Phillip Phillips på American Idol Bayside på Covers Volume #1 Blaine Anderson (Darren Criss) og Sam Evans (Chord Overstreet) på Glee.
Samplingar Songen er sampla av The Diplomats på sporet «You Oughta Know» (produsert av The Heatmakerz), og beaten vart nytta av Das Racist på eit spor med same tittel på albumet Shut Up, Dude.
Songen kan høyrast i The Wolf of Wall Street.http://www.imdb.com/title/tt0993846/filmmusikkhttp://www.what-song.com/Movies/Soundspor/1340/The-Wolf-of-Wall-Street
Lister Liste (1977)PlasseringAustralian Singles Chart99CanadaCollectionscanada.gc.ca11New Zealand31UK Singles Chart35U.S. Billboard Hot 10017Cashbox-lista14U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks40
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Movin' Out (Anthony's Song)» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Phil Ramone