Karianne Arntzen () er ein norsk musikar frå Sandnes. Ho byrja å lage melodiar og eigne tekstar på dialekt på midten av 90-talet, og i 1999 fekk ho utgitt ein låt på ein samle-CD for kvinnelege artistar (Stiff Nipples vol. 2). Ho har samarbeida med ulike musikarar opp igjennom, og hausten 2004 starta ho Karianne Arntzen Band.Karianne Arntsen Band Aftenbladet.no Dei har mellom anna spelt på Norwegian Wood si talentscene Underwood, Egersund Visefestival, Cementen m.fl.
Arntzen fekk fonogramstøtte frå Fond for utøvende kunstnere i desember 2006,Visepop på Sandnesmål Aftenbladet.no og gav ut albuma I går kveld (2007) og Sant (2011), begge på Via Music. Karianne Arntzen har også arbeidd som tekstforfattar for ei rekkje andre norskspråklege artistar. I 2016 blei Hilde Selvikvåg nominert til Spellemann i visekategorien, med albumet Slepp meg fri, der Arntzen hadde skrive sju av tekstane.
Kjelder
Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Sandnes