«Big Shot» er ein song av Billy Joel frå albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet tidleg i 1979, og nådde som den førre singelen «My Life» (3. plass) høgt på singellista i USA med ein 14. plass.

Songen handlar overflatisk om songaren som gjer narr av ei kvinne med kraftig bakrus etter ein kveld på byn, der ho gjorde mange sosiale og verbale brølarar medan ho var høg på alkohol og dop («But now you just can't remember / All the things you said / And you're not sure you want to know / I'll give you one hint, honey / You sure did put on a show!»). Teksten refererer til stader som var populære blant nyrike folk på slutten av 70-talet som Elaine's Restaurant og Halston. Joel sa ein gong i eit intervju at songen i røynda var om han sjølv.

Singelversjonen var korta noko ned med ein kortare avslutning.

Lister Liste (1979)PlasseringAustralia91Canada13New Zealand36U.S. Billboard Hot 10014

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Big Shot (song)» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Phil Ramone