Taisija Filippovna Tsjentsjik () var ein høgdehoppar frå Pryluky i Ukraina som tevla for Sovjetunionen. Ho vart europameister i høgdehopp i 1966 og tok OL-bronse i same øvinga i 1964.

Aktiv Tsjentsjik vart sovjetmeister i høgdehopp i 1957, 1958 og 1959. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vann ho sølvmedaljen med 1,70 meter, sju centimeter bak den suverene Iolanda Balaș frå Romania. I 1959 sette Tsjentsjik ny personleg rekord med 1,78 meter. Ho vart nummer fem i høgdetevlinga under sommarleikane i Roma med 1,68 meter.

I 1962 enda ho på sjetteplassen i europameisterskapen 1962 i Beograd med 1,64 meter. Året etter vann høgdehopptevlinga i universiaden i Porto Alegre med 1,72 meter. Under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo tangerte ho sin personlege rekord på 1,78 meter og vann OL-bronsen, der Iolanda Balaș for fjerde gong på rad vann ein suveren siger i dei store meisterskapane. Same sesongen vart ho sovjetisk meister i øvinga for fjerde og siste gong.

Høgdepunktet for høgdehopparen Tsjentsjik kom i europameisterskapen 1966 i Budapest, der Balaș ikkje stilte til start. Tsjentsjik vann med 1,75 meter, medan landslagskollega Ljudmila Komleva tok sølv med 1,73 m. I 1967 vart Tsjentsjik europeisk innandørmeister i Sofia ved å gå over 1,76 meter.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Taissija Filippowna Tschentschik» frå , den 29. august 2014.

Wolrd Athletics

Kategori:Sovjetiske høgdehopparar Kategori:Ukrainske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964