Kypros debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Mia efhí», framført på gresk av Theodóra Ráfti. Kypros har delteke åtte gongar, i perioden 2003 til 2016. Bidraga vart valde gjennom nasjonale finaler, arrangert av den kypriotiske kringkastaren Cyprus Broadcasting Corporation. I 2008 arrangerte Kypros tevlinga, som vart halden i Spyros Kyprianou Athletic Centre i Limassol.
I 2005 vart Kypros nøydd til å trekke seg frå tevlinga på grunn av at songen «Tsírko», framført av Réna Kyriakídi, vart anklaga for å vere for lik ein annan song. Dei kypriotiske sjåarane fekk likevel sjå og røyste i tevlinga.
I 2014 vende Kypros tilbake til tevlinga, etter fem års pause. Dei valde bidraget internt.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Poeng Plass 2003 Theodóra Ráfti «Mia efhí» Gresk 16 14 2004 Mários Tofí «Óneira» Gresk 61 8 Réna Kyriakídi «Tsírko» Gresk colspan=2 2006 Loúis Panagiótou og Khristína Khristofí «Agoria Koritsia» Gresk 58 8 2007 Giórgos Ioannídis «I mousikí dínei fterá» Gresk 29 14 2008 Elena Mannoúri og Kháris Sávva «Gioúpi jia» Gresk 46 10 2009 Rafaéla Kósta «Thalassa, Ilios, Aéras, Fotiá» Gresk 32 11 2014 Sofía Patsalídes «I pio ómorfi méra» Gresk og engelsk 69 9 2016 Giórgos Mikhailídis «Dance Floor» Gresk og engelsk 27 16 2017 Nikól Nikoláou «I Wanna Be a Star» Gresk og engelsk 45 16
Røystegjeving
+ Kypros har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 60 2 59 3 57 4 53 5 47
+ Kypros har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 60 2 17 3 16
Galleri
Vertskap År Stad Arena Programleiarar 2008 Limassol Spyros Kyprianou Athletic Centre Sophia Paraskeva og Alex Michael
Sjå òg Kypros i Eurovision Song Contest
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cyprus in the Junior Eurovision Song Contest» frå , den 29. august 2014.
Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest