Manfred Klaus Kuschmann () var ein tysk langdistanseløpar, europameister på 10 000 meter i 1974, som tevla for Aust-Tyskland.

Aktiv Kuschmann vart i 1973 nummer to på 5 000 m i Europacupen for landslag. Året etter vart han austtysk meister på både 5000 m og 10 000 m. Opningsdagen under EM i friidrett 1974 i Roma vann han gullmedaljen på 10 000 meter med minimal margin, han slo Tony Simmons frå Storbritannia med fire hundredels sekund. Seks dagar seinare var han sjanselaus då britiske Brendan Foster rykte frå 5 000-metersfeltet, men lukkast vinne spurten om sølvmedaljen.

Kuschmann vart austtysk meister på 5 000 m i 1975, og representerte Aust-Tyskland på distansen i Europacupen same året, der han vart nummer tre. Han lukkast ikkje å kvalifisere seg til korkje sommar-OL 1976, ei heller til friidretts-EM 1978.

Han døydde i Halle an der Saale etter fleire års kreftsjukdom.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Manfred Kuschmann» frå , den 30. august 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland