Claude-Louis Marie Henri Navier () var ein fransk ingeniør.
Navier var fødd i Dijon. Han blei professor ved École des ponts et chaussées i Paris 1819 og ved École polytechnique i 1802. Han blei utnemnd til medlem av Det franske vitskapsakademiet i 1824. Navier døydde i Paris.
Virke Claude-Louis Navier er rekna som ein av banebrytarane for bruk av teoretisk mekanikk innan ingeniørfaget, og gav ut fleire grunnleggjande avhandlingar knytt til teori for brubygging, væskemekanikk og nærskylde område.
Navier-Stokes-likningane, som forklarer korleis ulike krefter verker på ei væske, har namn etter han og George Gabriel Stokes.
Navier sitt namn er eitt av dei 72 som er innskrivne på Eiffeltårnet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claude-Louis Navier» frå , og «Claude-Louis Navier» frå den 1. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Franske ingeniørar Kategori:Folk frå Dijon