«The River of Dreams» er ein song av Billy Joel. Han er tittelsporet og den første singelen frå albumet River of Dreams frå 1993. Songen vart ein stor hit og nådde tredjeplassen i USA og Storbritannia, og ein åttandeplass i Noreg. Han vart den mest populære singelen til Joel frå 1990-åra. Han gjekk òg heilt til topps i Australia og Billboard Adult Contemporary-lista. Songen vart produsert av Joe Nicolo og Danny Korchmar.
I videoen, som vart filma på Providence & Worcester-brua over Connecticut River i Middletown i Connecticut, står Joel og tre koristar på vestsida av bruka.
Medan sonten tonar ut kan ein høyre Joel synge The Cadillacs sin versjon av «Gloria».
Det er gjeve ut minst fire versjonar av songen. To versjonar (gjeve ut fleire år seinare) inneheld eit mellomspelt på piano, som spelar melodien frå songen «Lullabye (Goodnight My Angel)», ein annan song frå same albumet. Desse versjonane finst i plateboksen My Lives og Complete Hits Collection: 1973-1999 - men sjølv desse to versjonane er forkjsllige, både i lengd og arrangement. Den første har til dømes meir perkusjon. Ein fjerde miks finst på den britiske singelutgåva av «River of Dreams» — ein «percapella mix» laga av Nicolo.
«The River of Dreams» vart nominert til Grammyprisen i 1993 til årets innspeling, men tapte for «I Will Always Love You» av Whitney Houston.
Under framføringa av songen under Grammyprisutdelinga i 1994, stoppa Joel i midten av songen for å protestere mot at TV-kanalen kutta Frank Sinatra sin takketale då han fekk Grammy Legend Award det året. Under pausen sa Joel at han kasta bort «verdifull reklametid».
Innhald
Britisk versjon
«The River of Dreams» – 4:05 «The River of Dreams» (Percapella mix) «The Great Wall of China» – 5:45
Japansk versjon (3")
«The River of Dreams» – 4:07 «No Man's Land» – 4:49http://www.ebay.ca/itm/BILLY-JOEL-3-CD-JAPAN-3inch-japanese-singel-The-River-of-Dreams-no-promo-/321342732367
Lister
Plassering Liste (1993)PlasseringCanada (RPM)2Ireland (IRMA)2Italy (FIMI)26Japan (Oricon)8US Billboard Hot 1003US Adult Contemporary1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The River of Dreams» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff / ⒞1993 Sony BMG channel
Kategori:Songar frå 1993 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand