Johanna Klier, fødd Johanna Schaller, () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Artern i Thüringen som tevla for Aust-Tyskland på 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1976 og europameister i 1978.

Aktiv Johanna Schaller vann gullmedaljen på 100 meter hekk under sommar-OL 1976 i Montreal. Med tida 12,77 slo ho sølvmedaljøren Tatjana Anisimova med eitt hundredels sekund og bronsekvinna Natalja Lebedeva med tre hundredels sekund.

Som Johanna Klier vann ho EM-gull på korthekken i Praha i 1978. Ho vart klokka inn på 12,62 sekundar, atter med Anisimova på sølvplass, då med 12,67. To år seinare kom Klier i mål til sølvmedalje på 12,63 sekundar under sommarleikane i Moskva, Vera Komisova frå Sovjetunionen vart olympiameister mde 12,56.

Ho vart austtysk meister på 100 meter hekk i 1976, 1977, 1978 og 1980.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johanna Klier» frå , den 6. september 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980