Ágætis byrjun ( , 'ei god byrjing') er det andre albumet til det islandske post-rock bandet Sigur Rós. Albumet vart sloppe i 1999.
Ágætis byrjun vart spela inn mellom sumaren 1998 og våren 1999 med produsent Ken Thomas, og vart Sigur Rós' gjennombrotsalbum. Albumtitlen kom til då ein ven fekk høyre den fyrste songen dei hadde skrive for albumet. Når han hadde høyrd ferdig sa han at det var "ei god byrjing", og namnet sette seg. Ei anna omsetjing av namnet er "Ein grei start".
Sigur Rós vann ein "Iceland Music Award" og Shortlist Music Prize i 2001 for dette albumet.
Sporliste SporNamnOmsetjingLengde1 «Intro»1:362 «Svefn-g-englar» Sovande/Søvngåande englar10:043 «Starálfur» Strirrande alv6:464 «Flugufrelsarinn»Flugenes frelsar7:485 «Ný Batterí»Nytt Batteri8:066 «Hjartað hamast (bamm bamm bamm)»Hjartet slår (bom bom bom)7:087 «"Viðrar vel til loftárása"»Godt vêr å bli skoten på.10:138 «Olsen Olsen»8:039 «Ágætis byrjun»Ei god byrjing7:3910 «Avalon»Tåke4:01 Omsetjingane er ikkje offisielle.
Personer Jón Þór Birgisson – vokal, gitar Kjartan Sveinsson – keyboard Georg Hólm – bass Ágúst Ævar Gunnarsson – trommer
Kjelder Omsett frå engelsk Wikipedia 08.09.2014, som oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Sigur Rós-album Kategori:Islandske musikkalbum Kategori:Islandskspråklege album