Leonid Anatoljevitsj Volosjin () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnodar, som fram til 1991 tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i tresteghopp og lengdehopp. Volosjin vart europameister i tresteghopp i 1990 og tok VM-sølv i same øvinga både i 1991 og 1993. Hans personlege rekord i tresteghopp lyder på 17,75 meter.

Aktiv Volosjin sitt gjennombrot kom då han under OL 1988 i Seoul vart nummer åtte i lengdehopp. Ved EM 1990 i Split deltok han i tresteg og vann gullmedaljen med eit hopp på 17,74 meter. I 1991 gjorde han sitt livs lengste tresteghopp, 17,75 meter, under verdsmeisterskapen i Tokyo. Han tok då sølvmedaljen i VM, gullet gjekk til Kenny Harrison frå USA som overgjekk Volosjin med tre centimeter.

Under sommar-OL 1992 i Barcelona kom Volosjin på fjerdeplassen i trestegtevlinga. Med 17,32 m mangla han fire centimeter på Frank Rutherford og bronsemedaljen. Året etter var det klart for VM 1993 i Stuttgar. Her tok Volosjin som to år tidlegare ein sølvmedalje, lengstehoppet mælte 17,65 m, noko som var 21 cm kortare enn vinnarhoppet til Mike Conley frå USA.

I sin siste internasjonale meisterskap, innandørs-EM 1994, vann Volosjin gullmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 8 i lengdehopp – 7,89 m EM 1990 i Split: Gullmedalje i tresteghopp – 17,74 m, framom Hristo Markov (17,43 m) VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,75 m, bakom Kenny Harrison (17,78 m) OL 1992 i Barcelona: Nr 4 i tresteghopp – 17,32 m VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,65 m, bakom Mike Conley (17,86 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leonid Anatoljewitsch Woloschin» frå , den 8. september 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske tresteghopparar Kategori:Russiske tresteghopparar Kategori:Sovjetiske lengdehopparar Kategori:Russiske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992