Róbert Fazekas () er ein ungarsk friidrettsutøvar frå Szombathely. Han tevla i diskoskast og vart europameister i øvinga under EM i München i 2002 og tok sølvmedalje i VM i Paris i 2003. Fazekas vart utestengd frå idretten for brot på dopingreglane 2004-07 og på ny frå 2012 til 2020.

Aktiv Fazekas vart i 1998 nummer fire i europameisterskapen i Budapest. Den 29. august 1998 forbetra han i heimbyen Szombathely sin personlege rekord med over seks meter til 66,61 m. I VM i friidrett 1999 i Sevilla kom han 11. plass. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart han slått ut i kvalfiseringa. I 2001-sesongen forbetra han sitt personbeste til 68,09 meter, men var langt unna slike lengde i kvalifiseringa under VM i Edmonton og vart slått ut.

Prestasjonane til Fazekas eksploderte i 2002. Han deltok i 18 tevlingar, og vann 16 av dei. I europameisterskapen i München vann Fazekas gullmedaljen framom olympiameisteren Virgilijus Alekna frå Litauen og tyskaren Michael Möllenbeck. Året etter vart resultatlista omsnudd under VM i friidrett 2003 i Paris, Alekna tok gullet og Fazekas fekk sølv.

Doping Sommaren 2004 vann Fazekas diskosøvinga både under Super-Grand-Prix-stemnet i Madrid og Weltklasse Zürich; til OL i Aten reiste han som den største favoritten i diskoskast. I den olympiske finalen 23. august 2004 slengde Fazekas diskosen heile 70,93 meter i den andre omgangen, 1,53 meter over den åtte år gamle olympiarekorden til Lars Riedel. Med det lengste kastet i tevlinga hadde han tilsynelatande sikra seg OL-gullet, men vart i staden diskvalifisert då han ikkje var i stand til å avlegge ein urintest. Han vart så utestengd frå aktiv idrett i tre år.

Fazekas gjorde comeback i diskosringen i 2008. Han kvalifiserte seg for dei olympiske leikane i Beijing, der han vart nummer åtte.

Tett opp under dei olympiske sommarleikane i London 2012 vart Fazekas teken med ein positiv dopingprøve med Stanozolol. Han vart deretter utestengd frå idretten i åtte år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 65,13 m VM 1999 i Sevilla: Nr 11 – 61,71 m OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (61,76 m - nr 16) VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (53,73 m) EM 2002 i München: Gullmedalje – 68,83 m, framom Virgilijus Alekna (66,62 m) VM i 2003 i Paris: Sølvmedalje – 69,01 m, bakom Virgilijus Alekna (69,69 m) OL 2004 i Athen: (70,93 m) - diskvalifisert OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 63,43 m EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 66,43 m VM 2011 i Daegu: Uplassert

Fazekas har ein personleg rekord i diskoskasting på 71,70 meter.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Róbert Fazekas» frå , den 10. september 2014.

Kategori:Ungarske diskoskastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011