Rab Noakes () var ein skotsk songar-låtskrivar, fødd som Robert Noakes.
Biografi Han spelte med Lindisfarne, som spelte songen hans «Turn a Deaf Ear» på debutalbumet sitt Nicely Out of Tune, og «Together Forever» på det andre albumet, Fog on the Tyne. Barbara Dickson spelte òg inn «Turn a Deaf Ear» på albumet sitt Do Right Woman, der Noakes òg spelte.
Noakes song korvokal og spelte gitar på det debutalbumet til Gerry Rafferty, Can I Have My Money Back, og var eit tidleg medlem i Stealers Wheel, men slutta i bandet før dei spelte inn det første albumet sitt.
Den mest kjende innspelinga til Noakes var «Branch», som vart gjeven ut som singel sommaren 1974 frå albumet hans, Red Pump Special. Songen vart mykje spelt på BBC Radio 1, men selde heller dårleg.
Albuma Restless (1978), Rab Noakes (1980) og Under the Rain (1984) følgde, men så tok det ti år før Standing Up kom ut i 1994. Noakes turnerte så med the Varaflames, i lag med Pick Withers, Rod Clements og munnspelspelaren Fraser Speirs.
Noakes vart produsent for musikkprogram på BBC Radio Scotland. Han slutta der for å skipe produksjonsselskapet Neon. I november 2007 gav han ut albumet Unlimited Mileage, igjen med the Varaflames.
Diskografi DatoArtistSelskapKat. #Namn1970Rab NoakesDeccaSKL 5061Do You See The Lights?1972Rab NoakesA&MAMLS 68119Rab Noakes1974Rab NoakesWarner BrothersBS 2777Red Pump Special1975Rab NoakesWarner BrothersK56114Never Too Late1978Rab NoakesRing O'Records2339 201Restless1980Rab NoakesMCAMCAC 3251Rab Noakes1984Rab NoakesBlack Crow(CD)CRO 207Under The Rain1988Black Crow(CD)CRO 217Woody Lives!1995Rab NoakesMediart MusicMDMCD 003Standing Up2000The VaraflamesNeonNEONCD001Throwing Shapes2001Rab Noakes With Fraser SpeirsNeonNEONCD002Lights Back On2002Rab NoakesNeonNEONCD004Demos And Rarities Volume 12004Rab NoakesRiver RecordsRIVERCD003The River Sessions2004The VaraflamesRiver RecordsRIVERCD042Throwing Shapes2013Rab NoakesNeonNEONCD014Demos And Rarities Volume 2 Adventures with Gerry Rafferty
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rab Noakes» frå , den 10. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad [ Rab Noakes] på Allmusic
Kategori:Folk frå St Andrews Kategori:Skotske visesongarar Kategori:Skotske låtskrivarar