mini|Heike Henkel i 2007 Heike Henkel () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Kiel i Schleswig-Holstein som tevla i høgdehopp. Ho vann gullmedaljen i øvinga ved EM 1990, VM 1991 og OL 1992.
Aktiv Heike Redetzky deltok i høgdehopp under Sommar-OL 1984 i Los Angeles og vart nummer 11 med 1,85 m i finalen. To år seinare kom ho på sjetteplass i friidretts-EM i Stuttgart. Same plasseringa fekk ho i VM i friidrett 1987 i Roma, men då etter eit hopp på 1,96 meter. Under Sommar-OL 1988 i Seoul rauk ho etter kvalifiseringa, med knapp margin.
Henkel var den einaste deltakaren som tok seg over 1,99 meter i høgdetevlinga for kvinner under EM i friidrett 1990 i Split. Året etter var ho i framifrå form og tok i august over den tyske rekorden etter Ulrike Meyfarth, då ho i Monaco svinga seg over 2,04 m. Nokre veker seinare vann ho EM-tittelen på suverent vis, vinnarresultatet 2,05 meter gav henne sju centimeters margin til sølvmedaljøren Jelena Jelesina frå Sovjetunionen.
Vinteren 1992 forbetra Henkel den tyske innandørsrekorden i høgdehopp til 2,07 meter. Den 7. august 1992 vart ho i Barcelona olympisk meister med 2,02 m, sterkast konkurranse fekk ho frå rumenske Galina Astafei som stopppa på 2,00 m. Henkel kvalifiserte seg til VM-finalen 1993, men stilte ikkje opp grunna skade. Året etter kvalifiserte ho seg til EM-finalen i Helsingfors, men rauk ut allereie etter 1,85 m. I 1995 mislukkast ho å kvalfisere seg til høgdehoppfinalen under friidretts-VM i Göteborg.
Henkel la opp i 2000.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heike Henkel» frå , den 11. september 2014.
Bakgrunnsstoff
World Athletics
Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992