Denis Viktorovitsj Kapustin () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kazan. Han deltok internasjonalt i tresteghopp. Kapustin vart europameister i øvinga i 1994, tok EM-sølv i 1998 og OL-bronse i 2000. Hans personlege rekord er 17,65 m.
Aktiv Kapustin deltok ved VM i Stuttgart 1993, der han enda på ein sjetteplass. Året etter fekk hans sitt store gjemnombrot då han vann gullmedaljen i europameisterskapen 1994 i Helsingfors med eit tresteghopp som målte 17,62 m, sju cm lengre enn det franskmannen Serge Hélan oppnådde i sitt lengste hopp for dagen.
Under verdsmeisterskapen i 1995 vart Kapustin slått ut i kvalifiseringa, medan han ved VM 1997 enda på fjerdeplassen, trass eit bestehopp på heile 17,59 m. Ved EM 1998 hoppa han 17,45 m, noko som heldt til ein sølvmedalje bakom suverene Jonathan Edwards frå Storbritannia. Kort før europameisterskapen gjorde han elles sitt livs lengste tresteghopp med 17,65 m.
Etter å ha vorte nummer ni i VM 1999 vart Kapustin bronsmedaljør under dei olympiske sommarleikane 2000 etter eitt hopp på 17,46 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 – 17,19 m EM 1994 i Helsingfors: Gullmedalje – 17,62 m, framom Serge Hélan *(17,55 m) VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalfiseringa (16,32 m) VM 1997 i Aten: Nr 4 – 17,59 m EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 17,45 m, bakom Jonathan Edwards (17,99 m) VM 1999 i Sevilla: Nr 9 - 16,89 m OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 17,46 m, bakom Yoel Garcia (17,47 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Denis Wiktorowitsch Kapustin» frå , den 12. september 2014.
World Athletics
Kategori:Russiske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000