David «Pick» Withers () er ein engelsk trommeslagar. Han var den første trommeslagaren i rockebandet Dire Straits og spelte på dei fire første albuma deira, inkludert hittar som «Sultans of Swing,» «Romeo and Juliet» og «Private Investigations».

Withers spelte først trommer i Boys Brigade. Han vart profesjonell musikarar 17 år gammal i eit band kalla the Primitives, etterfølgd av bandet Spring, som fekk platekontrakt med hadde lite suksess. Dei spelte inn eitt album for RCA. I midten av 1970-åra var han fast trommeslagar ved Rockfield Studios i South Wales. Han spelte på plater av mellom andre Dave Edmunds og Hobo, inkludert John Dummer Band, Magna Carta og Gary Fletcher Band.

Utstyr og teknikk Withers sin stil med Dire Straits skil seg ut med ein tilbakehalden, enkel skarptromme og hi-hat i staden for tunge rytmar og fart. Som gitarspelinga til frontmannen Mark Knopfler, var stilen til Withers blues-basert. Pick Withers spelte òg på Prelude-albumet How Long Is Forever i 1972. Knopfler møtte Withers i 1973 i London då han spelte i bluesbandet Brewers Droop, der Withers alt spelte. Withers arbeidde fast med Knopfler gjennom midten av 1970-åra, samstundes som han arbeidde for Rockfield.

Withers spelte på Dire Straits-albuma Dire Straits (1978), Communiqué (1979), Making Movies (1980) og Love Over Gold (1982).

Withers slutta i bandet sommaren 1982, kort tid etter Love Over Gold var ferdig innspelt, for å vere meir med familien og spele jazz. Han fortalte i eit intervju at han hadde bukka under for kjensla om at det ikkje var noko att i musikken for han og at han var i fare for å verte «ein rocketrommeslagar». Erstattaren hans i Dire Straits var Terry Williams, som òg hadde spelt for Dave Edmunds.

Diskografi

Med Dire Straits

Med andre Slow Train Coming, Bob Dylan Giant From The Blue, Gary Fletcher Band

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pick Withers» frå , den 15. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Dire Straits-medlemmar Kategori:Folk frå Leicester Kategori:Musikarar frå Leicestershire