Kfar Abida eller Kfar Aabida er ein landsby 2 km sør for Batroun i Batroun distrikt i Nord guvernement i Libanon. Delen av landsbyen i sørvest vert òg kalla det eldre namnet Fadous eller Fadaous.

Arkeologiske funn

Tell Fadous mini|Flintreiskap frå yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen. Tell Fadous, Tell Fadaous, Fadaous eller Fadeous er ein tell (ei kunstig høgd) sørvest for Kfar Abida som først vart undersøkt av R. Wetzel og J. Haller i 1945 oppom sementerte strandavleiringar på 6 meter.Wetzel, R. & Haller, J., Le Quartinaire de la région de Tripoli. Notes et Mémoires de la Délégation Générale de France au Liban. Section Géologique, No. 4, Beirut, 1945. Eit par Levallois-flintflak vart funnen på toppen av ei sanddyne. Nyare studiar av Hermann Genz og Hélène Sader frå American University of Beirut har vist at tellen var busett fram til tidleg bronsealder, men vart så fråflytta seint på 2000-talet fvt.Genz, H. and Sader, H. 2007 Excavations at the Early Bronze Age Site of Tell Fadous-Kfarabida: Preliminary Report on the 2007 Season of Excavations. Bulletin d’Archéologie et d’Architecture Libanaises 11: 7-16., 2007.Riehl, S. and Deckers, K. (2007). Plant Remains. In: H. Genz. (ed) Tell Fadous (Libanon). Baal 9, 84-88. Ralph Pederson frå Universitetet i Marburg studerte maritim arkeologi av kysten kring Tell Fadous. Pederson indikerte at staden «Tellbukta» kan ha vore nytta som hamnestad for fiskarar i bronsealderen, noko dei mange restane av fisk og stranskjel indikerer. Han fann òg eit flintblad frå yngre steinalder på grunna i Tellbukta.Pederson, Ralph., The Underwater survey at Tell Fadous-Kfarabida, s. 17-23, BAAL 11, 2007.

Fadous Sud Fadous Sud eller Fadaous Sud er ein stad frå yngre steinalder i Qaraoun-kulturen som ligg sør for tellen, kring 300 meter sør for landsbyen. Han vart oppdaga av Maurice Tallon i 1957 mellom sjøen og vegen. Det vart oppdaga at staden strekkjer seg aust for vegen i 1966 av W.E. Wendt, då materiale vart gjenoppdaga og staden undersøkt av Lorraine Copeland og Henri Fleisch. Den store staden dekkjer 400 meter på kvar side av hovudvegen opp til sida av ein wadi.

Fadous Sud viste seg å vere ein enorm flintfabrikk frå yngre steinalder med mange forskjllige typar grå flint og kremfarga chert med store kjernar og flag, og skraper, lange blad, endeskraper, og andre typar. Samlinga hadde særeigne likskapar med dei som vart funne ved Qaraoun frå same tidsepoke. Funna vart lagra ved St. Josef universitet. Ei ny undersøking av staden vart utført i 2005 av Dörte Rokitta-Krumnow.Rokitta D., A lithic site southeast for Tell Fadous-Kfarabida: Preliminary observations. Baal 9 (2005) 100-101.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Abida» frå , den 17. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff fadous.net

Batroun Kategori:Hamnebyar i Libanon Kategori:Kystbusetnader i Libanon Batroun Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Levanten i antikken Kategori:Busetnader frå yngre steinalder