Kfarsghab (òg kalla Kfar Sghab, Kafarsghab eller Kfarseghab; arabisk كفرصغاب) er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg i Qadishadalen, ein heilag stad i austleg kristendom.

Kfarsghab består av to stader: Kfarsghab, ein høgtliggande fjellandsby, og Morh Kfarsghab, som ligg på ei slette nedanfor. Dei er busette høvesvis om sommaren og vinteren.

Etymologi

Det semittiske namnet Kfarsghab består av to delar: kfar og sghab. Den første delen, kfar, kjem frå den semittiske rota kpr, som i samanhengen svarar til det vanlege semittiske substantivet kapar som tyder «landsby».The American Heritage Dictionary of the English Language, Fourth Edition, 2000, we find the following entry: Semitic Roots, kpr - Definition: Common Semitic noun *kapar-, village.

Kfarsghab kan då tyde «festningslandsby» eller «landsbyen Segub», der Segub då vil vere eit personnamn.

Historie mini|venstre|upright|Hovudinngangen til Mar Awtel-kyrkja, bygd på ruinane av eit heidensk tempel.

Kfarsghab oppstod i førkristen tid, men som dei fleste landsbyane i Qadishadalen, byrja historia til Kfarsghab då maronittar slo seg ned i Libanonfjella på 900-talet. Fram til midten av 1700-talet var Kfarsghab ein liten, uviktig landsby med færre enn 150 innbyggjarar.

Kfarsghab er først nemnt i hendingar som skjedde i 1283, mot slutten av krossfarartida.Douaihi, Es. (1984) : Tarikh Al Azminah, pages 261-262. I 1470 er Kfarsghab nemnt i samband med bygginga av St. Awtel-kyrkja.Abi Khattar, A., Moukhtasar Tarikh ... , s. 139. På 1500-talet dukka Kfasghab opp i to osmanske folketeljingar i 1519 og 1571.Khalifeh, I. K.: North Lebanon in the Sixteenth Century, pages 30-65. Han hadde då 14 og 12 vaksne menn (eldre enn 15 år). Alle var kristne og gifte.

Geografi mini|venstre|Kfarsghab med snø i januar 2004. Kfarsghab består av to forskjellige busetnader, Kfarsghab og Morh Kfarsghab, som er busette høvesvis om sommaren og vinteren. Dette er ganske vanleg for jordbrukslandsbyar i området. Alle familiar har eit hus i kvar landsby. Andre døme på dette i Libanon er Ehden og Zgharta.

Kfarsghab er sommarlandsbyen og ligg langs vegen frå Ehden til Bsharri i nordlege delen av Qadishadalen, oppom Qozhayadalen i ei høgd på 1380 meter over havet.Raunier, Lt. (2004), Loubnan Ash-Shamali fithilth al awwal minal Qarn Al'ishrin, Dar Annnahar, Beirut Libanon. Page 30Kfarsghab page on Zgharta.com, last retrieved on August 5, 2008.

Morh Kfarsghab er vinterlandsbyen og ligg på nordvestsida av Joueitdalen, mellom Miziara og Bnachii. I snitt ligg denne 280 meter over havet.fallingrain.com

Klima

Kfarsghab har eit typisk middelhavsklima for ein fjellandsby. Det er fire årstider, og vinteren er kald med moderate til store mengder snø.Daily Star rapporterte i 2003 om snøras som øydela frukthagar i Kfarsghab. lebanonwire.com, Libanonwire.com, henta 21. september 2014 medan somrane er milde og tørre. Området har ofte tåke på seinsommaren, tidleg på hausten og seint på våren. Dei høgaste middeltemperaturane i juli og august er 27 °C, medan den lågaste middeltemperaturen er i januar og februar med 2 °C. Sommartemperaturen kan nå 32 °C, og om vinteren kan temperaturen falle til under −5 °C.Zgharta.com, henta 21. september 2014 Årsmiddelnedbøren er kring 1 200 mm, med mest nedbør på hausten og våren. Snøfall skjer normalt frå seint i november til tidleg i april og varierer frå 3 til 25 cm per månad.zgharta.com, henta 21. september 2014

Økonomi mini|Kfarsghab sett frå Ehden i juni 2004. Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, hovudsakleg frukt i form av eple og pærer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfarsghab» frå , den 20. september 2014. oppgav desse kjeldene: Abi Khalil, Father Sharbel,Tarikh Al-Qiddissayn Sarkis wa Bakhos Ehden, J. Reaaidy Press, 1995. Abi Khattar, Sheikh Antonios, known as AïnTourini, Moukhtassar Tarikh Jabal Loubnan, i version of the father Ignatius Tannous AlKhoury revised by Dr. Elias Kattar, editor Lahd Khater, Beirut 1983. El Debs, Bishop Youssef, Al Jamii Al Moufassal Fi Tarikh Al Mawarinah Al Mouassal - red. Dar Lahd Khater – 4. utg. El Douaihy, patriark Estephan, Tarikh Al Azminah, in version of the Abbot Boutros Fahd, editions Dar Lahd Khater, Beirut – 3rd Edition. Ducellier, Alain, Chrétiens d’Orient et Islam au Moyen Age, Armand Collin, Paris, 1996. ISBN 978-2-200-01448-3 Gibran National Committee, Accounts of the Conventions on Jebbet Bcharri History, First convention, 1998, Second Convention, 2003, Third Convention, 2005. El Hattouni, Fr. Mansour, Nabthah Tarikhiyyah Fi Al Mouqataah AlKesrwaniah - editor Dar Nazir Abboud – Kaslik – 1986. Karam, Fr. Maroun, Qoussat Al Milkiyah Firrahbana Allubnaniyah al Marouniyah, Dar Al Tiba'ah Al Lubananiyah, Beirut, 1972. Al Kattar, Elias - Niyabat Trablous Fi ‘ahd Al Mamalik, Publications of the Det libanesiske universitetet, Beirut 1998. Khalifeh, Issam Kamal, North Lebanon in Sixteenth Century - Details of material sivilisasjon, private editor, Beirut, 1999. Laban, Youssef, Kfarsghab and its region under the Mamluk, Private Editor, 2006. van Leeuwen, Richard - Notables & Clergy in the Lebanon Mountains- Editor E J Brill - Leiden – 1994. Liban Souterrain (Loubnan Al Jawfi) Magazine - Bulletin du GERSL – N 5 – March 1998. / Moosa, Matti, Al Mawarinah Fittarikh, Second Edition, Qadmous Publishing and Distribution, Damaskus, 2004. Moqbel, Fr. Antoine,Deir Mar Antonios Qozhay, J. AlReaidy Press, 2000. Moubarac, Fr. Youakim - Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk, Volume 1, Part 1, éditions Cénacle Libanais, Beirut 1984. Salibi, Kamal, Muntalaq Tarikh Loubnan, Second Edition, Naufal Edition, Beirut, Libanon, 1992. Salibi, Kamal, A House of Many Mansions, IB Tauris Edition, London, UK, 2003. ISBN 978-1-85043-091-9 Salibi, Kamal, Tarikh Loubnan Al Hadith, Dar Annahar Publishing, Beirut, 2002. Yammine, Fr. Youssef, Daleel Ehden, Editor El, 2000.

Bakgrunnsstoff / kfarsghab.net

Kategori:Zgharta distrikt Kategori:Busetnader i Nord guvernement