Anita Włodarczyk () er ein polsk friidrettsutøvar frå Rawicz som tevlar i sleggjekasting. Etter at russiske utøvarar har fått annullert ei rekke prestasjonar, står Włodarczyk som vinnar av fire VM-gull, like mange EM-gull og tre OL-gull i øvinga, oppnådd i perioden 2009-11. Ho har sett ei rad verdskordar i sleggjekast, den siste frå 2016 er på 82,98 meter.
Aktiv Włodarczyks fyrste internasjonale meisterskapsfinale fann stad under Sommar-OL 2008 i Beijing, der ho vart nummer 6 med eit bestekast på 71,56 m. Same sesongen kom ho på tredjeplass i IAAF World Athletics-finalen i Stuttgart med 70,97 m. I VM i friidrett 2009 i Berlin sikra ho seg gullmedaljen då ho sette verdsrekord med 77,96 meter i den andre omgangen. Då sleggja landa, sprang ho jublande mot publikum. I gledesrusen forstua ho ein fot og kunne ikkje halde fram å kaste i resten av tevlinga.
I 2012 vann Włodarczyk øvinga i Helsinki-EM og ho vart nummer to i London-OL. Året etter vart ho nummer 2 også i Moskva-VM, som i London slått av Tatjana Lysenko. År 2016 vart det i russiske Lysenko sine prøver frå London 2012 funne prov på dopingstoff, noko som gjorde at ho vart frådømt begge gullmedaljane. Midt i august 2014 vann Włodarczyk EM-gull i Zürich, 14 dagar seinare forbetra ho verdsrekorden til 79,58 m ved eit stemne i Berlin.
Sommaren 2015 flytta Włodarczyk fyrst rekorden til 79,83 m, for så å smekke til med 81,08 meter den 1. august i Władysławowo. Sigersrekka i meisterskap heldt fram i VM 2015, EM 2016 og OL 2016. I sleggjefinalen ved sommarleikane i Rio de Janeiro sette ho elles verdsrekord med 82,29 meter. Vel heimkomen frå Brasil presterte ho, i Warszawa 28. august 2016, sitt livs beste kast, 82,98 meter er framleis verdsrekord (2022).
Sidan vart Włodarczyk europameister 2018, verdsmeister 2019 og olympisk meister 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 71,56 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 77,96 m, framom Betty Heidler (77,12 m) EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 73,34 m VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 73,56 m EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 74,29 m, framom Martina Hrašnová (73,34 m) OL 2012 i London: Gullmedalje –77,60 m, framom Betty Heidler (77,12 m) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 78,46 m, framom Zhang Wenxiu (75,58 m) EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 78,76 m, framom Martina Hrašnová (74,66 m) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 80,85 m, framom Zhang Wenxiu (76,33 m) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje –78,14 m, framom Betty Heidler (75,77 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 82,29 m, framom Zhang Wenxiu (76,75 m) VM 2017 i London: Gullmedalje – 77,90 m, framom Wang Zheng (75,98 m) EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 78,94 m, framom Alexandra Tavernier (74,78 m) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 78,48 m, framom Wang Zheng (77,03 m) VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (71,13 m=nr 13) EM 2024 i Roma: Sølvmedalje – 72,92 m, bakom Sara Fantini (74,18 m) OL 2024 i Paris: Nr 4 – 74,23 m VM 2025 i Tokyo: Nr 6 – 74,64 m
Kjelder
World Athletics
Kategori:Polske sleggekastarar Kategori:Verdsmeistrar i sleggekast Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Polen Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018