El-Mina eller El Mina (arabisk الميناء, al-Mīnā’, som tyder «hamn») er ein kystby i Nord-Libanon. El-Mina ligg der den gamle fønikiske byen Tripoli låg, i dag den nest største byen i Libanon. Han fungerer i dag som hamneby for Tripoli, som ligg 5 km mot aust.
Historie El Mina er staden der Tripoli låg i antikken, i fønikisk tid, og er ein av dei eldste byane i Libanon, i lag med Byblos, Tyr og Sidon. Tripoli vart flytta inn i land etter den islamske erobringa frå krossfararane, og i dag er El-Mina blitt hamnedistriktet i Tripoli, og fekk sitt eige kommunestyre på byrjinga av 1900-talet.
Geografi
El-Mina er ein by med fleire øyar kring seg. Sju øyar ligg like utafor byen, og til den næraste, Abdul Wahab, går det ei bru frå byen. Den fjernaste øya, Ramkin, ligg 10 km frå kysten.
Demografi
El-Mina er ein av dei demografisk mest mangfaldige byane i Libanon, med mange forskjellige samfunn. Majoriteten er gresk-ortodokse kristne og sunnimuslimar, men her finst òg maronittar og assyrisk-ortodokse.
Sjå òg Tripoli i Libanon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «El Mina i Libanon» frå , den 21. september 2014. oppgav desse kjeldene: "Yawmiyat Madinah" (Diaries of a City) - By J. Touma, Jarousse Press 2003. "El-Mina - Tarikh w Tourath» (El Mina: Historie and Culture) - By A. Kabbara, Dar El-Chamal Press 2006.
Bakgrunnsstoff Bilete frå El Mina Turisme i El Mina
Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Tripoli distrikt