Yanta er ein landsby som ligg i Rashaya distrikt, sør i Beqaa guvernement i Libanon, 79 km frå Beirut. Han ligg nær den syriske grensa nord for Kfar Qouq.

Landsbyen ligg kring 1540 meter over havet. Namnet vert hevda å tyde «Guds så» eller «Guds såmann» på semittisk, «kvit due» på gammalsyrisk og «høgd» på arabisk. I 2001 og 2002 vart det gjort arkeologiske undersøkingar ved Kamid al lawz nær Yanta, der ein fann store mengder gammal gresk keramikk.

Romersk tempel Det ligg ruinar av eit imponerande stort romersk tempel i området, som ein trur vart bygd over eit semittisk tempel. Ruinane ligg på kvar side av vegen og er spreidd, men somme steinar står framleis. Kring staden har ein funne spor etter gamle busetnader og graver.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yanta, Lebanon» frå , den 22. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Ikema guide til Libanon - Yanta Localiban om Yanta Youtube - Yanta av Nizam Saab American University of Beirut - Bilete av det romersk tempelet i Yanta 1 American University of Beirut - Bilete av det romersk tempelet i Yanta 2

Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Busetnader i Rashaya distrikt Kategori:Romerske tempel