Niha (arabisk نيحا) er ein landsby i Bekaadalen i Libanon, kring 8 km nord for Zahlé. Han er kjend for dei romersk ruinane, og særleg to lågare romerske tempel som er daterte til det første hundreåret evt.
Etymologi Namnet Niha vert nytta av fire libanesiske byar eller landsbyar: Niha i Zahlé i Bekaa; Niha i Batroun; Niha i Tyr og Niha i Chouf. Ordet neeha er assyrisk og syner til at staden er fredfull.
Geografi og klima
Landsbyen ligg kring 65 km aust for den libanesiske hovudstaden Beirut ved sidan av hovudvegen til Baalbek. Han ligg 8 km nord for Zahlé og nesten 2 km nordaust for byen Ablah. Landsbyen ligg i ei lita kløft, kring 1 100 m.
Niha grensar i vest til fjella Libanonfjella og fjellet Sannine, i nord til landsbyen Tamnine, i sør til landsbyane Nabi Ayla (arabisk نبي أيلا) og Forzol (arabisk ألفرزل), og i aust til Ablah og den frodige sletta i Bekaadalen. Klimaet i Niha er tørt og temperert. Temperaturane varierer frå 27 °C, med heitebølgjer der temperaturen kan nå 40 °C. Vintrane er kjølige og kan vere våte. Årsnedbøren er kring 500 mm og det kan falle opp mot 1 m snø. Vintertemperaturen er i snitt 5 °C, men stundom kan temperaturen falle under -10 °C.http://www.fao.org/sd/climagrimed/pdf/ws01_24.pdf
mini|upright=2|Panorama i Niha i Zahle.
Historie Det er usikkert når landsbyen vart grunnlagd og historia følgjer i stor grad historia til Libanon.Kamal Salibi, «The Modern Historie of Libanon,» (Introduction) Caravan Books, 1977 Bekaadalen var ein bysantinsk skanse fram til den islamske erobringa. Etter islam kom til området, vart mange delar av Libanonfjella, hovudsakleg Keserwan, busett av sjiamuslimar, som var verna av fatimidane. Då krosstoga og mamelukkane kom til området på 1100- og 1200-talet, flykta sjiamuslimane til Bekaadalen, der dei framleis er i dag i dei nordlege områda. Då osmanarane kom til området på 1500-talet, var Bekaa-området ein del av Damaskus vilajet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Niha Bekaa» frå , den 22. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff discoverlebanon.com download.destinationlebanon.com PDF
Kategori:Busetnader i Zahlé distrikt Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Byar i den greske antikken i Libanon Kategori:Romerske koloniar Kategori:Romerske stader i Libanon Kategori:Byar i antikken