Nabatieh (arabisk النبطية) eller Nabatîyé er det administrative senteret i Nabatieh guvernement sør i Libanon. Nabatieh har kring 85 000 og er senteret i området Jabal Amel.
mini|venstre|Beaufortborga, ei krossfararborg nær Nabatieh.
Det vert halde marknad i byen kvar måndag då folk frå nabolandsbyane kjem hit for å veksle varer.
På ein topp med utsikt over den sørlege Beqaadalen står Belfortborga. Borga har tilkomst frå landsbyen Arnun, som ligg 7 km søraust for Nabatieh. Føre denne festninga ligg ei stor cisterne og ruinane av ein antikk landsby. Ein er usikker på kven som bygde borga. I følgje Vilhelm av Tyr, vart ho reist av krossfarar, men somme forskarar meiner ho er eldre enn dette. Borga er nesten heilt i ruinar, og berre austveggen, inngangen og trappa i det store tårnet i midten har overlevd.
Nabatieh har to historiske moskéar. Den eine vart bygd på 1500-talet og ligg midt i byen. Den andre vart bygd av mamelukkane og ligg i Nabatieh al Fawqa.
Innbyggjarane i Nabatieh er hovudsakleg sjiamuslimar, men her bur òg mange gresk-katolikkar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nabatieh» frå , den 23. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff http://www.nabatieh.org/index.php
Kategori:Busetnader i Nabatieh guvernement Kategori:Nabatieh distrikt