Nahal Alexander (hebraisk נחל אלכסנדר) er ei elv i Israel som flyt frå fjella i Samaria til Middelhavet, nord for Netanya. Elva er kring 45 km lang. Fleire småelvar renn ut i Nahal Alexander: Nablus, Te'enim, Ometz, Bahan og Avihail. Det meste av elva ligg i Heferdalen.
Nahal Alexander er habitat for skjelpadder som kan nå ein storleik på 1,20 meter og vege opp til 50 kg. I tillegg finst her sothønerog andre vassfuglar, sumpbeverar og sumpkattar. Av fisk i elva finn ein mallefisk, tilapia, elveål og multer.På sørbreidda finst det skiftande sanddyner og på nordbreidda ein eukalyptuslund.
Historie mini|venstre|Nahal Alexander, nær Skjelpaddebrua. Hurvat Samra er ei ruin frå antikken som ligg på ein ås oppom Nahal Alexander. Ho kan ha vore ein tollstasjon for varer som vart transportert ned elva til ei hamn nær munningen.
Beit Yanai-stranda ligg der elva flyt ut i Middelhavet.Beit Yannai beach yields serenity on winter weekdays Nord for stranda ligg restane av ein kai som er bygd i 1938, under Det britiske mandatet. Han vart nytta for løynd jødisk immigrasjon til Palestina då britiske styresmakter avviste skip med europeiske jødar som flykta frå nazistane.
Vinteren 1991 fløymde Nahal Alexander over og det meste av skjelpaddebestanden dreiv ut i Middelhavet. Då dei attverande egga ikkje klekte, sette Israel natur- og parktilsyn i gang eit prosjekt for å samle inn egga, ruge dei og sleppe dei nyfødde skjelpaddene ut att i elva.The Best Kept Secret of Emek Hefer: Nahal Alexander & Turtles
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nahal Alexander» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alexander Stream Hof Bet Yanai nasjonalpark - official site Zachi Evenor, Alexander Stream Photography, Flickr
Kategori:Nasjonalparkar i Israel Kategori:Elvar i Israel Kategori:Geografi i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Verneområde i Det sentrale distriktet i Israel