Nahal Taninim (hebraisk נחל תנינים, tyder 'Krokodilleelva') er ei elv i Israel, som spring ut nær Ramot Menashe og munnar ut i Middelhavet sør for Ma'agan Michael. Det arabiske namnet på elva er Wadi a-Zarka.
Elva er kalla opp etter krokodillane som brukte å halde til i Kebarasumpane fram til tidleg på 1900-talet. Restane av Crocodilopolis, ein by som vart grunnlagd der på 300-talet fvt., er framleis synleg i dag.One of the last clean rivers in Israel, Jerusalem Post
Heile vassdraget dekkjer eit område på kring 200 kvadratkilometer, og inkluderer elvane Taninim, Ada, Barkan, Alona og Mishmarot. Nahal Taninim er den reinaste av kystelvane i Israel. Tre vassvegar møter kvarandre i Nahal Taninim: den naturlege elva, ein romersk akvedukt som strekkjer seg frå Zabrinkjeldene til Caesarea, og Mifale Menashe, vassverket som samlar avrenningsvatn og fører det ned under jorda.Nahal Taninim Master plan
Dei tette siva langs Nahal Taninim er heimstad til mange fuglar, mellom anna songarar.Birding along the Mediterranean
I følgje ein zoolog ved Tel Aviv universitet levde det krokodillar og flodhestar i området fram til eit par hundre år sidan.Den siste gongen det vart rapportert om krokodillar her var i 1912.
Sjå òg Israelsk geografi Dyr i Israel Turisme i Israel Nasjonalparkar og naturreservat i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nahal Taninim» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Israel Kategori:Naturreservat i Israel