St. Jakob kyrkje er ei langkyrkje frå 1921 som ikkje lenger er vanleg soknekyrkje. Kyrkja ligg på Nygårdstangen i Bergen sentrum. miniatyr|venstre|Eldre bilete av St. Jakob kyrkje, frå Nasjonalbibliotekets bildesamling Nygårdstangen kyrkjelyd vart skild ut frå Johannes kyrkjelyd i 1917, og etter dette vart det vedteke å byggja kyrkje her. Ein la ned grunnstein den 31. oktober 1917 og etter fire år med bygging stod kyrkja klar den 5. mai 1921.Lidén, Hans-Emil: St. Jakob kirke. Henta frå http://www.norgeskirker.no/wiki/St._Jakob_kirke, vitja 02.10.14

Kyrkja fungerte som vanleg soknekyrkje fram til 2002. Då var det organisasjonen Normisjon som overtok kyrkja og brukte henne som lokale for kyrkjelyden Norkirken Bergen.

Frå og med 2013 vart kyrkja gjort til ungdomskyrkje i Bergen bispedømme. Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen Domkyrkje kyrkjelyd, Ynglingen Bergen KFUK-KFUM og Bjørgvin bispedømmeråd.

St. Jakobprosjektet har som formål å samla ungdom, først og fremst i Bergen sentrum og Bjørgvin bispedømme. Her skal ungdom enkelt kunna bruka alle fasilitetane i kyrkja, inkludert datarom, kjøken, lydstudio, hybel, Jakobsalen og kyrkjerommet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «St. Jakob kyrkje» frå , den 2. oktober 2014.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Bergenhus Kategori:Norske kyrkjer frå 1921