Ashdod Nitzanim sanddynepark er eit sanddynesystem som ligg nær byen Ashdod på Den israelske kystsletta nær Middelhavet. Han ligg sør for Tel Aviv og representerer landsakpet som dagens Israel vart bygd på av pionerane under dei forskjellige Aliyah og etter opprettinga av staten Israel i 1948.
Fram til nokre tiår sidan dominerte sanddyner kysten av Israel med eit areal på 462 kvadratkilometer sør for Tel Aviv. Over dei siste tiåra har byar, industriområde og kraftverk bygd der sanddynene låg, og dynelandskapet har gradvis forsvunne. Dei siste restane av desse kystsanddynene ligg no mellom Ashdod og Ashkelon. Dynene dannar eit eige økologisk system av vitskapleg verdi og dette siste området er derfor teke vare på i form av eit naturreservat.
mini|venstre
Parken strekkjer seg over 11 kvadratkilometer mellom Middelhavet i vest og jordbruksområda i aust, og mellom byen Ashdod i nord og Avtach-elva i sør.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ashdod Sand Dune» frå , den 3. oktober 2014.
Kategori:Sanddyner i Israel Sanddyne Kategori:Nasjonalparkar i Israel Kategori:Verneområde i Det sentrale distriktet i Israel