Har Arbel (hebraisk skrift הר ארבל) er eit fjell i Nedre Galilea nær Tiberias i Israel, med høge klipper og utsyn til Hermon i Golanhøgdene, spor av ei grottefestning og ruinar av ei gammal synagoge. Arbel ligg ovanfor Har Nitai og klippene vart skapt av Jordandalen.
Det ligg fire landsbyar i fjellet: Kfar Zeitim, Arbel, Kfar Hittim og Mitzpa. Toppen som ligg 181 meter over havet (380 meter over det kringliggande landskapet) dominerer landskapet og frå toppen kan ein sjå nesten heile Galilea til Golanhøgdene, inkludert Safed, Tiberias og det meste av Genesaretsjøen.
Historie mini|venstre|Arbel synagoge I nærleiken ligg ruinane av ein gammal jødisk busetnad med ei synagoge frå 300-talet og skoren ut i sjølve fjellet ligg fleire klippebustader. Desse klippebustadane er frå 1600-talet og vart bygde av drusarar. Det er dokumentert jødiske klippebusetnader datert attende til tida kring Det andre tempelet i området. Josefus skreiv om den romerske erobringa at somme av dei siste hashmoneiske opprørarane budde i klippene i Arbel.The Times of Israel article about the cliffs of Arbel (2013) National Parks leaflet
Naturreservat og nasjonalpark Området vart eit naturreservat i 1967, og dekkjer 1,400 kvadratkilometer. Nasjonalpark (8,5 km²) omfattar det meste av Nahal Arbel, som byrjar nær Eilabun og munnar ut i Genesaretsjøen nær Migdal. Reservatet dekkjer området like kring klippa.
mini|venstre
Arbel er med klippveggen på 110 meter den einaste kjende staden i Israel der basehopping er godteke.
mini|center|700px|Utsyn over Genesaretsjøen frå fjellet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Arbel» frå , den 3. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Arbel på Israelsk parktilsyn
Kategori:Fjell i Israel Kategori:Nasjonalparkar i Israel Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Verneområde i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Geografi i Nord-distriktet i Israel