Skopusfjellet (hebraisk הַר הַצּוֹפִים Har HaTsofim; arabisk جبل المشارف , جبل المشهد eller جبل الصوانة Ǧabal al-Swana) er eit fjell (826 meter over havet) nordaust i Jerusalem. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Skopusfjellet ein SN-verna israelsk eksklave i det Jordan-styrte territoriet, fram til seksdagarskrigen i 1967. I dag ligg Skopusfjellet innafor kommunegrensene til byen Jerusalem.
Namn Åsryggen aust for både den gamle og moderne Jerusalem gjev flott utsyn over byen. Sidan hovuddelen av ryggen heiter Oljeberget, vart namnet «utkikk» nytta om ein topp nordaust for gamlebyen. Dette har ført til dei forskjellige namna på hebraisk arabisk, gresk og latinsk, som alle tyder «utkikk».
Historie
Antikken Med utsyn over Jerusalem var Skopusfjellet ein strategisk viktig stad som base, der ein kunne angripe byen frå. Den 12. romerske legionen hadde leir her i år 66 evt.Rome and Jerusalem; The Clash of Ancient Civilizations. Martin Goodman s. 13 I år 70, då krigen var over og øydelegginga av Det jødiske tempelet vart Skopusfjellet nytta som ein base for den endelege kringsetjing av byen av den same 12. legionen, i tillegg til andre legionar."The Jewish Wars" Josefus v 81 og 82
Moderne tid Den nøyaktige plasseringa av Skopusfjellet er ikkje kjend. Han er i antikke kjelder skildra å vere i nordaust på ryggen som omfattar Oljeberget, og som ruvar over Jerusalem i aust. Då sionistorganisasjonen valde å bygge eit nytt jødisk institutt for høgare utdanning, som etter kvart vart Det hebraiske universitetet, meinte dei det var uklokt å prøve å få midlar til å legge dette til Oljeberget, som er viktig for kristendomen. Dei valde i staden ei høgd i nærleiken, som dei valde å kalle Skopusfjellet. Namnet vart etter kvart daglegdags.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Scopus» frå , den 5. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Skopusfjellet - Hebraisk universitet Skopusfjellet - Brigham Young universitet Bilete frå Jerusalem - Skopusfjellet
Kategori:Fjell i Jerusalem