May-Britt Moser () er ein norsk psykolog og professor ved NTNU, der ho er leiar for Centre for Neural Computation«Leaders», ntnu.edu. Vitja 6. oktober 2014.. I 2014 fekk ho Nobelprisen i medisin saman med eksmannen Edvard Moser og deira faglege mentor John O'Keefe, som starta forskinga dei fekk prisen for.The 2014 Nobel Prize in Physiology or Medicine - Press Release Nobelprize.org. Vitja 6. oktober 2014. Prisen vart tildelt for deira arbeie på gitterceller i entorhinalkorteks.
thumb|May-Britt Moser saman med Edvard Moser. Biletet blei tatt då statsminister Erna Solbergs vitja NTNU i mars 2014.
Moser har doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Ho har særleg bidrege betydeleg innanfor studiet av hippocampus, med særleg vekt på hugset og evna til romleg orientering.
Utdanning og forskning May-Britt Moser vart utdanna psykolog frå Universitet i Oslo i 1990. Ho fullførte doktorgraden i nevrofysiologi ved Universitet i Oslo i 1995,Moser, M-B. (1995). Structural correlates of spatial learning in the hippocampus of adult rats. Thesis for the degree of Ph.D, University of Oslo (Defended, 9 December 1995) med rettleiing frå professor Per Andresen. May-Britt Moser var postdoc ved senteret for nevrovitenskap, Universitet i Edinburgh, Skottland, frå 1994 til 1996. I denne perioden var jobba ho også ved laboratoriet til John O'Keefe ved University College London i to månadar.
May-Britt Moser vart utnemnd til fyrsteamanuens i biologisk psykologi ved NTNU i 1996, og professor i nevrovitenskap i 2000.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske psykologiprofessorar Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Fødde i 1963 Kategori:Norske nobelprisvinnarar