Gennadij Valentinovitsj Avdejenko () er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Odessa i Ukraina, som tevla for Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i høgdehopp i 1983 og olympisk meister i same øvinga i 1988.

Aktiv Avdejenko starta idrettskarrieren som tresteghoppar, seksten år gammal hoppa han 15,57 m. Etter kvart konsentrerte han seg om høgdehopp, og sette personleg rekord med 2,22 m i 1982. I 1983 overraska han stort i Helsingfors, då han gjekk til topps i høgdetevlinga under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett. Han forbetra sin personlege rekord med fire centimeter, og var saman med Tyke Peacock frå USA åleine om ta seg over 2,32 m.

Sommaren 1984 forbetra han sitt personbeste til heile 2,38 m, men deltok ikkje i sommar-OL 1984 i Los Angeles, då Sovjetunionen boikotta leikane. Fyrst i 1987 deltok han på ny i ein stor meisterskap. Under friidretts-VM 1987 i Roma var han ein av hovudaktørane i ei tevling med mange sterke prestasjonar. Fire mann klarde 2,35 m, og tre av desse svinga seg også over 2,38 meter. Patrik Sjöberg frå Sverige vart ståande att som vinnar, medan Avdejenko og Igor Paklin, som begge representerte Sovjetunionen, fekk kvar si sølvmedalje.

Under sommar-OL 1988 i Seoul vann Avdejenko gullmedaljen då han var den einaste som hoppa over 2,38 meter, tre mann stoppa på 2,36 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje - 2,32 m, framom Tyke Peacock (2,32 m) VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 2,38 m, delt med Igor Paklin OL 1988 i Seoul: Gullmedalje – 2,38 m, framom Hollis Conway (2,36 m)

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hennadij Awdjejenko» frå , den 9. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Ukrainske høgdehopparar Kategori:Sovjetiske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987