Beit Meir (hebraisk בֵּית מֵאִיר) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg i Jerusalemåsane, kring 15 km frå Jerusalem, like ved hovudvegen mellom Jerusalem og Tel Aviv i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 546.
Moshaven vart grunnlagd på landområdet til ein avfolka palestinsk landsby kalla Bayt Mahsir i 1950.Morris, 2004, s. xxi, settlement #28.Khalidi, 1992, s. 277.
Moshaven vart kalla opp etter rabbi Meir Bar-Ilan. Han er hovudsakleg ein askenasisk moshav, og det bur fleire sefardisk familiar i landsbyen. Moshaven består nesten berre av religiøse jødar, og mennene har stort sett på seg «kipot s'rugot» (strikka kippot), men det er òg mange med «svart hatt» og hasidiske familiar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Meir» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1950 i Israel