Shoresh (hebraisk שורש, שֹׁרֶשׁ) er ein moshav shitufi i Jerusalemkorridoren i Israel i Mateh Yehuda regionale kommune. Han ligg fem kilometer frå Sha'ar HaGai, og dekkjer eit område på 7,5 km². I 2006 hadde han eit folketal på 577.

Den 15. april 1948, erobra Harelbrigaden den arabiske landsbyen Saris ved hovudvegen til Jerusalem. Det vart skote mot jødiske kjøretøy frå den strategiske høgda.The capture of Saris Palmach Information Centre

Dette året grunnla ei gruppe emigrantar frå Aust-Europa ein kibbutz på staden, og baserte namnet på den fråflytta landsbyen. Fire år seinare vart han ein moshav. I dag er det eit hotell, konferansesenter og bankett-hall i Shoresh.

I juli 1995 øydela ein brann fjørkre- og fruktindustrien i landsbyen, øydela hotell og halvparten av heimane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shoresh» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Europeisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:1948 i Israel